RESSURSGRUPPA FOR SURNAVASSDRAGET
ETABLERING AV RÅDGJEVANDE FORUM FOR SURNAVASSDRAGET
Surnadal elvaeigarlag tok sist vinter initiativ til etablering av ei gruppe / forum for forvaltning av Surnavassdraget.
Gruppa skulle vere breitt samansett av representantar frå institusjonar og organisasjonar med ansvar for
og interesse i Surnavassdraget. Biologisk mangfald og bærekraftig utvikling i vassdraget skulle være gruppas arbeidsfelt.
Surnadal elvaeigarlag lukkast ikkje i arbeidet med etablering av eit slikt forum.
Våren 2000 vart kommunane Surnadal og Rindal bedne av elvaeigarlaga i Surnadal og Rindal og Samarbeidsorganet for Surna,
om å ta eit nytt initiativ for danning av eit forum som her omtalt. Utfordringa har i ettertid vore diskutert med desse
organisasjonane, og med Statkraft. Surnadal kommune vurderer eksistensen av ei slik gruppe som eintydig positiv for
forvaltninga av vassdraget, og tek med dette eit nytt initiativ i saka.
I Surnavassdraget står ein ovafor fleire samansette utfordringar kor mange partar har ansvar, kunnskap og interesse
når det er tale om å finne gode løysingar, og slik kome vidare. Her kan ein mellom anna nemne:
- Statkraft sitt ønske om ei betre utnytting av Trollheim kraftverk, i form av bygging av eit nytt aggregat.
- Hølane i hovudvassdraget er i ferd med å forsvinne, truleg som følgje av meir massetransport, etter raskare
vassføring i kjølvatnet av forbygging langs elva. Når dei store flaumane er borte etter kraftreguleringa,
blir det heller ingen oppreinsking i elveløpet. Hølane er viktige gyteplassar for laksen. Botnsubstratet er også endra
i negativ retning i høve til gyting som følgje av dette.
- Eventuell revisjon av Statkraft sitt manøvreringsreglement for Surna i 2012.
Med mange impliserte partar er det vanskeleg å oppnå så god kommunikasjon og informasjonsflyt at misforståingar,
frustrasjon og handlingslamming ikkje oppstår. Eit breitt samansett forum som her omtalt kan hindre slike situasjonar.
Målsettinga må vere at forumet framstår som ein stad for open diskusjon, og som ein informasjonskanal for ulike institusjonar
og organisasjonar sine planer, utfordringar og myndigheit i vassdraget. Her kan ein motta synspunkt, informasjon om
krav til saksgang, om eventuelt moglegheiter for finansiering av tiltak osv. Det må presiserast at det ikkje kan forventast at
partane driv saksbehandling på staden. Her er det ikkje tale om noko nytt forvaltningsledd eller eit sjølvstendig organ / selskap,
men heller å få oppretta eit forum som vil vere ein føresetnad for handling innafor samansette sakskompleks.
Eit viktig arbeidsfelt for forumet bør bli å foreslå undersøkingar med tanke på finne fram til positive tiltak i vassdraget,
samt gjennomføring av tiltak. Med såpass mange impliserte partar samla skulle det vere mogleg å identifisere manglar i
eksisterande kunnskap om det mest betydningsfulle vassdraget i Møre og Romsdal. Forumet bør trekke inn ekspertise etter behov.
Driftsplan for Surna, utarbeidd av Surnadal elvaeigarlag, ligg snart føre. I tillegg til ein grundig omtale av vassdraget,
identifiserer plana biologiske og næringsmessige utfordringar som munnar ut i ei handlingsplan. I gjennomføringa av denne
handlingsplana vil eit diskusjonsforum som her omtalt vere ein klar fordel for raskare og betre iverksetting av tiltaka.
Med helsing
Bergsvein Brøske
ordførar